Stiftelsen Espevær Gjensidige

Stiftelsen Espevær Gjensidige

Publisert av John Elter den 17.01.18.

Stiftelsen Espevær Gjensidige.

Espevær Gjensidige Assuranseforening (EGA) vart i 2016 gjort om til Stiftelsen Espevær Gjensidige (SEG).
Avkastning av grunnkapitalen på kr. 40 mill. skal koma til gode for fartøyeigarane i dei distrikta kor forsikringstakarane i EGA høyrde heime. Det kan verta utdeling av midlar ein gong kvart år.

Det vert med dette kunngjort at interesserte kan søkja om midlar frå SEG. Søkjarar må høyra heime i ein av følgjande kommunar; Bømlo, Fitjar, Austevoll, Sveio, Haugesund, Osterøy, Askvoll eller Lyngdal. Søknad skal innehalda opplysningar om søkjar, nøyaktig omtale av det eller dei prosjekt eller tiltak ein søkjer støtte for med detaljert kostnad og plan for finansiering. Naudsynte godkjenningar må leggjast ved, det må ikkje vera støtte for næringsverksemd eller støtte for lovpålagde offentlege oppgåver.

Skriftleg søknad i samsvar med stiftinga sine formål, skal sendast inn elektronisk.
Søknadsfrist er 1. mars, med utdeling ca. 1. juni 2018.

Stiftelsen Espevær Gjensidige, ​​​​​​​Espevær 16.01.2018
soknad@stiftelsen-espevær-gjensidige.no

for anna post kan ein nytta:
post@stiftelsen-espevær-gjensidige.no