Ryddeaksjon 2017

Publisert av John Elter den 03.03.17. Oppdatert 28.03.17.
Ryddeaksjon på Espevær laurdag 29. april 2017
Sunnhordaland Interkommunale Miljøverk IKS(SIM) tilbyr alle som bur på Espevær å kvitta seg med avfall i vårens ryddeaksjon.

Tid: Laurdag 29. april 2017 klokken 11.00 - 14.00
Sted: Biekaien

Avfall må IKKJE plasserast på kaien før SIM er på plass med mannskap og konteinarar.
Dersom det ikkje vert disiplin rundt ordninga, vil SIM vurdera å avvikla tilbodet.

Tilbodet gjeld berre privatpersonar, ikkje næringslivet.

Det vil være mottak av:
  • Elektronisk avfall, kuldemøblar og farleg avfall
  • Anna avfall som ein til vanlig ikkje får plass til i bossdunkten
  • Det vert ikkje høve til å levera byggje- og rivingsavfall

Ein må sjølv plassera avfallet inn i konteinaren. Hugs å stua boset godt, slik at det vert plass til alt avfallet fra alle som vi levera. Følg tilvisning fra operatør på staden.

Med helsing
Sunnholdaland Interkommunale Miljøverk IKS

Arild Vik
Driftslear innsamling



Se andre nyheter fra Espevær her



Kommentarer