Hummerparken

Publisert av John Elter den 25.04.16.

Heilt sidan 1600-talet var det eit stabilr og godt hummarfiske, og hummaren ver ein viktig eksportartikkel. Det var hollenderar som først kom med sine ”hummarbussar”- brønnbåtar til Norge for å kjøpe hummer. Seinare kom engelskmennene, og overtok handelsrettane. Dei stengde av ein poll, og der gjekk hummaren fritt til båtane kom for å hente dei. På slutten av 1800-tallet tok nordmennene til å konkurrere med utlendingane.
Christian Bjelland AS, i Stavanger bygde hummerparken ved Svartesjøen på Espevær i 1890, og det er den som står framleis. Dei sperra av to sund, og sette tak over. Parken er nær 1000 kvadratmeter stor, og etter påbyggjinga i 1933, gjekk det ca. 24000 humrar der på ein gong. Dei bygde tak over for at hummaren skulle få jamn temperatur, heile året. Humrane gjekk der heilt til marknaden var gunstig, og prisane høge, gjerne mot jul og påske. Då kom store brønnbåtar til Espevær for å henta god mat til rike folk i utlandet. I midten av 50 åra vert det trappa ned på hummarfisket.
Hummaren er i dag freda mellom 1. desember og 31. september. Minste målet er 25 cm.

 

"Vi er stadig på jakt etter nye rekvisitter, som har forbindelse med hummerfiske i eldre dager. Skulle du/dere ha noe slikt, så ta gjerne kontakt."

 

Vi driver i dag omvisning for turister i sommerhalvåret.

For omvisning, kontakt:

 

Stiftelsen Hummerparken
Svein Barane
Mob. 480 67 452

e-post:  svein.barane@jkn.no

Se andre nyheter fra Espevær her