Historiefortelling - Frå Espevær til Kræmmerholmen

Publisert av John Elter den 04.03.18.
Nils Georg Brekke, Hordalands første fylkeskonservator, vil visa lysbilder og foredra over ein viktig og spanande periode i vår historie.
Inngongspris: Barn opp til 16 år: 50 kr – vaksne 100 kr.
Salg av kaffi, te, brus og litt å bita i.

Baadehuset Palmesøndag 25. mars kl 12.

Det går skyssbåt fra Eidesvik til Espevær kl 11.10 med retur kl 15.30

Tema
Det er mange historiske tradisjonar som bind saman Vest-Norge og vesterhavsøyane - Hebridane, Orknøyane, Shetland og Færøyane - både i busetnad og byggeskikk, fiske og sjøfart.

Men det er eit kulturgeografisk trekk som er sereige for Vestlandet, på grunn av geografi og landskap: den lange leia mot nord, den som vart kalla Norvegr på 800-talet, den viktige samferdselsåra langs kysten, gjennom fjordar og smale sund ("nor"), innanfor øyar og over opne havstrekningar.

Når vi kjem opp frå Avaldsnes og Karmsund og over Sletta, kjem vi til Espevær - det store senteret i "sørafiskjet" på 1800-talet. Og vidare nordover ligg dei gamel handels- og gjestgjevarstadene som perler på ei snor, med 3-4 sjømil mellom, eit stort samferdslenettverk på 1600- og 1700-talet, som eit resultat av ei kongeleg forordning i 1648 for å skaffa overnatting til reisande, først og fremst kongens embetsmenn.

Mange av gjestgjevarstadene var også handelsstader, med løyve til å driva handel innanfor bykjøpmennenes privilegier, og fleire utviklar seg på 1800-talet til små og større tettstader på norskekysten.

Espevær er ein av dei sentrale, med store saltebuer og mange arbeidsplassar i det rike sildefisket, men også med ein stor hummarpark, jamvel om "hummerfiskets rike" ligg aust for Lindesnes, slik Eilert Sundt såg det. Og mellom vestlandskysten og vesterhavsøyane finn vi mange kulturelle linjer, frå den tette kontakten heilt frå mellomalderen og fram mot vår tid.






Kommentarer