Baadehuset - Aktiviteter høsten 2018

Publisert av John Elter den 19.08.18.

Høsten 2018 i Baadehuset

 

- Quiz i Baadehuset lørdag 15. September kl 19.

Premie til vinnarane. Kjøttsuppe, godt brød, kaffi, te, kake inkl i billettprisen på 260kr. Vin, øl, brus blir å få kjøpt. 

Plassbegrensing: På quiz testar me ut arealet med 48 personer - 6 pr gruppe - dvs 8 grupper.

Meld deg på, også om du ikkje er i ei etablert gruppe.

Bindande påmeldingsfrist til quiz: 9. september på SMS eller Messenger til Olga Marie, mob 98299335.

- Smalahåvefest i Baadehuset lørdag 10. november kl 19

- alternativ rett, pinnekjøt. Dessert, kaffi. Inngangspris inkl mat 460kr. Vin, øl, brus blir å få kjøpt.

Bindande påmeldingsfrist til smalahåvefest: 31. oktober på SMS eller Messenger til Olga Marie, mob 98299335.


Me håpar folket lar seg freista og ønskjer hjarteleg velkommen til Baades gamle kjøkken - eit pittoresk lokale med ein lun atmosfære.
Med fyr i peisen og hyggelege gjester bør alt ligga til rette for ei triveleg stund. 

😊


Kommentarer