UFO-ringen

UFO ringen

UFO-ringen blei oppdaga i påske helga 1976 på Akerkve på Espevær. Denne ringen står framleis like tydelig i bakken som den gongen, og det er store dimmensjonar over dette avtrykket. Det er ein egge forma ring med ein omkrins på 63 m.

espevaerringen

Diameter i nord/sør retning er 12 m., og diameter i aust/vest retning er 25 m. Breidda på ”sporet” er 25 – 30 cm., og det er 6 – 10 cm. djupt.

Ved dei undersøkingane som vart gjort våren 1976, hevda botanikarane på universitetet i Bergen at dei ikkje kunne gje noko botanisk forklaring på fenomenet. Eit stort Sea-king helikopter fra luftforsvaret landa midt i ringen, men sette ikkje merke i bakken. Det vart slege fast at dersom ringen var laga ved mekanisk påverknad, måtte vedkommande gjenstand ha voge over 50 tonn. Noko løysing på spørsmålet om kva denne ”Espeværsringen” kunne vera for noko, var det ingen som kunne komma med i 1976, og heller ikkje sidan. Det vart fabulert om det kunne vera ein såkalla UFO (uidentifisert flygande objekt) som hadde laga ”Espeværsringen” ved å landa på Åkerkve.